Hopp til innhold
X
Innhald

Blårev

Blårev er ein varietet av fjellrev i polarområda. Han har einsfarga blåaktig til mørkebrun pels om vinteren, ofte med nokre kvite hår. Pelsen til blårev er kostbar. Blårev er vanleg i revefarmar i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.03.2013
Sist oppdatert: 27.03.2013