Hopp til innhold
X
Innhald

Blodhund

Blodhund er ein engelsk hunderase som nedstammar frå ein eldgammal fransk sporhundtype. Namnet tyder «av reint blod», til motsetnad av kjøter. Blodhunden har hengjeøyre og kort pels som er svart og raud eller berre raud. Hannhunden har ei mankehøgd på ca. 68 cm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 26.03.2013
Sist oppdatert: 26.03.2013