Hopp til innhold
X
Innhald

Bøflar

Bøflar høyrer til slektene Bubalus og Syncerus i oksefamilien. Dei er slirehorndyr. Bøflane er partåa hovdyr som tygg drøv. Vassbøffel, også kalla indisk bøffel, lever i Asia og som tamdyr blant anna i Sør-Europa og Afrika. Afrikansk bøffel, også kalla kaffarbøffel, finst frå det sørlege Afrika til Etiopia.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.03.2013
Sist oppdatert: 27.03.2013