Hopp til innhold
Foto: Josh More flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Josh More flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Chinchilla

Chinchilla er to artar av gnagarar frå Andesfjella. Dei er nesten utrydda i naturen, men på grunn av den langhåra, blaute pelsen vert dei haldne i pelsfarmar i Amerika og Europa. Ryggen er blågrå med sølvglans, undersida er kvit. Lengda er ca. 50 cm, halen utgjer 1/3 av lengda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 05.04.2013
Sist oppdatert: 05.04.2013