Hopp til innhold

 Dingo. Foto: Carlos López Molina, flickr.com, CC BY
Dingo. Foto: Carlos López Molina, flickr.com, CC BY
X
Innhald

Dingo

Dingo, Canis lupus dingo, er ein villhund. Han førekjem i Australia, men også villhundar i Søraust-Asia vert omtalte som dingoar. Hunden er mellomstor, og pelsen er vanlegvis i raudgule eller gule nyansar, men han finst også i svart med lyse flekkar, svart eller kvit. I Australia er dingoen truleg etterkommar etter tamhundar som innvandrarar frå Asia hadde med seg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2013
Sist oppdatert: 18.04.2013