Hopp til innhold

 Ape cercopithecus neglectus. Foto: Joachim S Müller, flickr.com CC BY
Ape cercopithecus neglectus. Foto: Joachim S Müller, flickr.com CC BY
X
Innhald

Dyreaper

Dyreaper eller hundeaper, Ceropithecidae, er ein familie av austaper, det vil seie smalnaseaper. Dei går på alle fire, har ein viss mimikk og kan lagre mat i kinnposar. Dyreapene omfattar blant anna slektene Cercopithecus, sjå marekattar, Paphio, med bavianar og mandrill, og Macaca, sjå makakar, med blant anna rhesusapa og magotten. Vidare omfattar dei slankaper, av underfamilien Colonidae, med slektene Colobus, sjå kolobusaper, og tre slekter av langurar i India og Søraust-Asia. Sjå breinaseaper og primatar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2013
Sist oppdatert: 18.04.2013