Hopp til innhold
X
Innhald

Ekorn

Ekorna er utbreidde over heile verda med unnatak av Australia. Familien omfattar både artar som lever i trea og på bakken.

Ekorn, Sciuridae, er ein familie av gnagarar med ca. 250 artar. Ekorna er utbreidde over heile verda med unnatak av Australia. Familien omfattar både artar som lever i trea og på bakken. Dei sistnemnde er murmeldyr og præriehundar. 

Hos oss finst berre éin art, som er alminneleg ekorn, Sciurus vulgaris. Det har raudbrun sommardrakt og grå vinterdrakt, kalla gråverk. Det er særleg utbreidd i nåleskogstrøk. Ekornet gjer mykje skade på skogen og på egga og ungane til småfuglane.

Video av alminneleg ekorn frå khaledazamnoor:

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2013
Sist oppdatert: 09.02.2018