Hopp til innhold
X
Innhald

Eland

Eland, eller elgantilope, Taurotragus oryx, er den største av dei nolevande antilopene. Han kan verte opptil 3 meter lang med ei skulderhøgd på 2 meter. Elanden har spiralsnodde horn. Han lever i skogane i Aust- og Sør-Afrika, men talet på dyr er no minka sterkt på grunn av at dei har verdifullt kjøt og skinn. Elanden er lett å temje.
Eland. Foto: Heather Paul, flickr.com CC BY
 
Eland. Foto: Heather Paul, flickr.com CC BY

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 18.04.2013
Sist oppdatert: 18.04.2013