Hopp til innhold
 Afrikansk elefant. Foto: Arthur Chapman, flickr.com CC BY
Afrikansk elefant. Foto: Arthur Chapman, flickr.com CC BY
X
Innhald

Elefant

Elefantar utgjer ein familie av pattedyrordenen Proboscidea. Dei er tjukkhuda dyr med snabel. Elefantane lever i flokkar og kan temjast. Det finst tre nolevande artar.

Elefantar utgjer ein familie av pattedyrordenen Proboscidea. Dei er tjukkhuda dyr med snabel. Elefantane lever i flokkar og kan temjast. Ei framtann i kvar halvdel av overkjeven er hos dei fleste elefantane omdanna til støyttenner. Det har vore noko diskusjon rundt taksonomien, men dei fleste aksepterer no at det finst tre nolevande artar.
Den eine er afrikansk savanneelefant, Loxodonta africana. Han har store øyre, kan verte 4 meter høg og vege over 10 tonn. Denne arten har fire tær på framføtene og tre på bakføtene.
Vidare finst afrikansk skogselefant, Elephas cyclotis. Han er noko mindre og har mindre øyre. Denne arten har fem tær på framføtene og fire på bakføtene.
Den siste arten er asiatisk elefant, Elephas maximus. Han er også noko mindre, og har mindre øyre og kortare bein, rettare støyttenner og konveks ryggprofil. Ein reknar at det finst fleire underartar, og det førekjem noko hybridisering mellom dei to afrikanske artane. Ein utdøydd art er mammutane, Mammuthus, som blant anna var representerte i Noreg med ein art som hadde pels.
Video av afrikanske elefantar frå BBC (engelsk tekst):

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 


Sist oppdatert: 04.05.2013