Hopp til innhold
Foto: "Isfugl" flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: "Isfugl" flickr.com CC BY-NC-ND
X
Innhald

Elg

Elg, Alces alces, er ein art av hjortefamilien. Han er det største landpattedyret i Noreg.

Elgen har ei skulderhøgd på over to meter, og han kan vege opptil ca. 750 kg. Elgen har kort kropp på høge bein. Pelsen er mørk gråbrun eller svartbrun.
 
Berre hannen har gevir. Det finst to typar gevir. Det er stanghorn, cervine, og skovltypen, palmate. Elgen lever i skogen og ernærer seg av lauv, kvistar og urter. Dyret går drektig i ca. ni månader, og føder éin eller to kalvar i mai–juni.
 
Elgen har auka i tal og utbreiing. Han finst no i skogstrakter over heile Noreg, og i enkelte delar av Vestlandet, Nordland, Troms og Finnmark. Jakttida varierer litt frå landsdel til landsdel, men går som regel føre seg i rundt tjuesju dagar i tida 10.9.–15.1. Bestanden i Noreg er i vekst og var i 2013 på rundt 120 000 dyr. Årleg vert det felt mellom 35 000 og 40 000 dyr.
 
Foto: Nils Fredrik Stenseth/ Statskog SF, Flickr.com CC BY-NC
 
Foto: Nils Fredrik Stenseth/ Statskog SF, Flickr.com CC BY-NC

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.04.2013
Sist oppdatert: 01.11.2013