Hopp til innhold
X
Innhald

Engelsk springar spaniel

Engelsk springar spaniel er ein engelsk fuglehundrase. Han vert også halden som selskapshund. Hunden er sterk og livleg. Han har kort, skinande pels på kropp og hale, elles moderat pelsverk. Pelsen er oftast kvit med svarte eller leverbrune teikningar. Mankehøgda er på ca. 51 cm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.04.2013
Sist oppdatert: 22.04.2013