Hopp til innhold
Foto: Jim Champion, flickr.com CC BY-SA 2.0
Foto: Jim Champion, flickr.com CC BY-SA 2.0
X
Innhald

Esel

Esel, Equus africanus, er ein art av hesteslekta. Eselet lever i vill tilstand i Afrika. Underarten nubisk esel er nesten utrydda, og talet på somaliesel er også sterkt redusert. Ein reknar at tamesel, Equus asinus, stammar frå det nubiske eselet. Avkom av eselhingst og hestehoppe vert kalla muldyr, medan avkom av hestehingst og eselhoppe vert kalla mulesel. Begge desse er til vanleg ufruktbare, men særleg muldyret vert oppdretta på grunn av sine brukseigenskapar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.02.2013
Sist oppdatert: 04.03.2013