Hopp til innhold
Foto:Jan Ivar Sørensen flickr.com CC BY-NC_SA.jpg
Foto:Jan Ivar Sørensen flickr.com CC BY-NC_SA.jpg
X
Innhald

Farlege hundar

Farlege hundar er eit omgrep som finst i lov om hundehold frå 2003. Lova tredde i kraft 1.1.2004, og ho omfattar hundar som er gitt trening i angrep på andre hundar eller i å angripe eller forsvare seg eller hundehaldaren mot menneske. Lova omfattar også enkelthundar som står fram som spesielt aggressive, kampvillige eller som har andre sterkt uønskte eigenskapar, slik at dei kan vere farlege for menneske eller dyr. Omgrepet «farlege hundar» er meir generelt enn det omstridde omgrepet «kamphundar», som omfattar hundar som vert trente til og brukte i hundekamp. Lova forbyr hald, avl og innførsel av farlege hundar. Forbodet omfattar også innførsel av sæd eller embryo frå farlege hundar. I høyringsutkast til forskrifter om hunder, frå april 2004, vert det, med heimel i lova, nemnt spesielt fire rasar som er forbodne i Noreg. Dei er pitbullterrier, fila brasileiro, japanske tosu inu og dogo argentino. Også krysningar der desse rasane førekjem er forbodne. Etter nærmare bestemming kan forbodet gjelde også andre rasar. I utkastet vert amerikansk staffordshire terrier, staffordshire bullterrier og bullterrier vurderte som forbodne, likeeins hundar som er ein blanding av hund og ulv.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.04.2013
Sist oppdatert: 22.04.2013