Hopp til innhold
 Foto: flickker photos flickr.com CC BY-NC_ND.jpg
Foto: flickker photos flickr.com CC BY-NC_ND.jpg
X
Innhald

Finnkvalar

Finnkvalar, Balaenopteridae, er ein familie av bardekvalar med korte bardar og lengdefurer på undersida av kroppen. Det finst to slekter, knølkvalslekta, Megaptera, og finnkvalslekta, Balaenoptera. Til den siste høyrer artane blåkval, finnkval, seikval og vågekval. Fangsten har redusert bestanden av dei store kvalane sterkt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 22.04.2013
Sist oppdatert: 22.04.2013