Hopp til innhold
X
Innhald

Flaggermus

Flaggermus, Chiroptera, er det einaste flygande pattedyret. Det finst omlag 950 artar fordelte på to underordenar. I Noreg er flaggermusa freda.

Flaggermus, Chiroptera, er ein pattedyrorden. Det er det einaste flygande pattedyret. Det finst ca. 950 artar fordelte på to underordenar. Den eine er dei fruktetande storflaggermusene, også kalla «flygande hundar», som kan måle opptil 1,5 meter mellom vengespissene.
 
Den andre er småflaggermusene, som hovudsakleg er insektetarar.
 
Dvergflaggermus. Foto: Bill Tyne, flickr.com CC BY 2.0
 
Dvergflaggermus. Foto: Bill Tyne, flickr.com CC BY 2.0

Flaggermusene har dårleg syn, men dei har skarp høyrsle og orienterer seg etter radarprinsippet ved hjelp av ultralyd. Flaggermus kan bli svært gamle, enkelte artar kan bli førti år. Europeisk flaggermus føder berre ein unge om gongen. Flaggermushoene trekkjer  innandørs for å yngle. Vanlegvis held dei til i gamle løvtre. Dei kan også bu under takstein og piper, på loft og i treveggar.

I Noreg finst det fire slekter med elleve artar. Mest vanleg er nordflaggermus, som finst til Troms. Flaggermus er totalfreda i Noreg.
 
 
 
Foto: Noel Reynolds, flickr.com CC BY 2.0
 
Sjå video frå 1960 frå NRK Skole om flaggermus:
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.02.2013
Sist oppdatert: 23.07.2014