Hopp til innhold
 Flodhest. Foto: Bernard DUPONT, flickr.com CC BY
Flodhest. Foto: Bernard DUPONT, flickr.com CC BY
X
Innhald

Flodhest

Flodhestar, Hippopotamidae, er ein familie av ikkje-drøvtyggjande, partåa hovdyr. Det finst to slekter med kvar sin art. Den eine er dvergflodhesten, Choeropsis liberiensis, som lever i det tropiske Vest-Afrika, særleg i Liberia. Den andre er vanleg flodhest, Hippopotamus amphibius, som held til i elve- og innsjødistrikt i det midtre Afrika.
 
Tidlegare var flodhesten utbreidd over heile det afrikanske kontinentet. Vanleg flodhest kan vege opptil tre tonn og verte 4,5 meter lang. Han er ein dyktig symjar.

Sjå video av flodhestar frå BBC Wild (engelsk tale):

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.04.2013
Sist oppdatert: 19.04.2013