Hopp til innhold
 Fullblodhest og filmstjerne, 1936. Foto: State Library of New South Wales, flickr.com
Fullblodhest og filmstjerne, 1936. Foto: State Library of New South Wales, flickr.com
X
Innhald

Fullblodshest

Fullblodshest er ein ridehest. Han oppstod ved krysning av engelske landhopper og arabarhingstar. Fullblodshestane vert inndelte i «sprintar», «stayer» og «mellomdistansaren». Mankehøgda er på 150–173 cm, vekta på 320–450 kg.
 
Fargen kan vere brun, svart, raud eller gråskimmel, og ofte har hesten kvite avteikningar. Fullblodshestane er stambokførte i England sidan 1791. Nemninga fullblodshest er ei omsetjing av den engelske nemninga «thoroughbred».

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.04.2013
Sist oppdatert: 19.04.2013