Hopp til innhold
 Foto: Vegard Haugland flickr.com CC BY-NC-SA 2,0.jpg
Foto: Vegard Haugland flickr.com CC BY-NC-SA 2,0.jpg
X
Innhald

Gauper

Gauper er korthala artar av kattefamilien. Dei er utbreidde over heile verda med unnatak av  Australia. Somme reknar dei til slekta Felis, andre til slekta Lynx. I Noreg finst arten Felis lynx. Han var nesten utrydda, men sidan 1950 har talet på dyr auka mykje. I 2008 rekna ein at bestanden var på om lag 450 dyr. Pelsen er raudleg til grå om sommaren, kvitgrå om vinteren. Gaupa har lange øyrepenslar. Ho et hare, fugl, sau, rådyr, rein, smågnagarar og kattar. Ho er eit utprega streifdyr. Gaupa er utbreidd i heile Noreg, og vi finn ho som regel i berglendt terreng. Ho føder to–tre ungar i mai–juni. Før i tida var skinnet verdifullt. Under kvotejakt har ein sidan 1999 drepe 5–10 dyr per år.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013