Hopp til innhold
 Foto:"MagnusG" flickr.com CC BY-NC-SA 2,0.jpg
Foto:"MagnusG" flickr.com CC BY-NC-SA 2,0.jpg
X
Innhald

Geiter

Geiter, Capra, er ei slekt av oksefamilien. Tamgeiter stammar sannsynlegvis frå ville bezoargeiter, som lever i Kaukasus, Vesleasia og på Kreta. Det er også mogleg at geita opphavleg kjem frå ein europeisk villgeitart som no er utdøydd. Geita høyrer til dei eldste husdyra, og vi kjenner til funn frå 7000 år f.Kr. Hannen, bukken, har som regel store, krumme horn og hakeskjegg. Ungane vert kalla kje eller killing. Geita er eit typisk fjelldyr. Dei fleste tamformene av geit vert nytta til produksjon av mjølk, kjøt, ull eller geitost. Norske geitedistrikt er fjellbygdene på Austlandet, Vestlandet og Nord-Noreg. Geitehaldet har gått tilbake dei siste åra, og i 2012 vart det halde om lag 40 000 dyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 23.04.2013
Sist oppdatert: 23.04.2013