Hopp til innhold
Foto: Michele Bender flickr.com CC BY-NC-ND 2,0.jpg
Foto: Michele Bender flickr.com CC BY-NC-ND 2,0.jpg
X
Innhald

Gepard

Gepard, Acinonyx jubatus, også kalla jaktleopard eller cheetah, er ein rovdyrart av kattefamilien. Geparden er utbreidd frå Sør-Afrika til Sørvest-Asia og Sør-India. Han vert ofte fanga og brukt til jakt. Geparden har ein lang og smekker kropp, omtrent på storleik med ein mynde. Pelsen er gulraud med svarte flekkar, buken er kvit. Han er eit typisk steppedyr. Geparden jaktar om dagen på antiloper og mindre pattedyr. Han er eit av verdas raskaste pattedyr, og kan kome opp i ein fart på opptil 114 km/t.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2013
Sist oppdatert: 24.04.2013