Hopp til innhold
Foto: Wikipedia.org.jpg
Foto: Wikipedia.org.jpg
X
Innhald

Grevlingar

Grevlingar er ei gruppe rovdyr av mårfamilien, Mustelidae. Dei er sålegjengarar med graveklør. I Noreg finst det éin art, alminneleg grevling, Meles meles, også kalla svintoks. Han kan verte vel éin meter lang, inkludert ein hale på 15–20 cm. Grevlingen er utbreidd i låglandet nordover til Namdalen, men han er sjeldan nord for Trondheimsfjorden. Grevlingen er altetar. Han har vintersøvn i hi, og føder to–fem ungar i mars. Grevlingen er utbreidd over heile Europa og Nord-Asia. Andre artar er præriegrevling, stinkgrevling (Søraust-Asia) og honninggrevling.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2013
Sist oppdatert: 24.04.2013