Hopp til innhold
Foto: Aslak Raanes flickr.com CC BY.jpg
Foto: Aslak Raanes flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Grønlandshund

Grønlandshund eller eskimohund er ein nordisk trekkhundrase frå Grønland og Nord-Amerika. Hunden er middels stor og kraftig bygd. Pelsen er tett, rett og grov. Alle fargar er tillatne. Hunden er sterk, hardfør og svært uthaldande. Han vert nytta som trekkhund. Hannhunden har ei mankehøgd på minst 60 cm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.05.2013
Sist oppdatert: 08.05.2013