Hopp til innhold
Foto: "yeimaya" flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: "yeimaya" flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Grønlandssel

Grønlandssel, Pagophilus groenlandicus, er ein art av ekte selar. Dei nyfødde ungane er kvite. Dei vert kalla kvitungar, og pelsverket av dei vert kalla whitecoat. Selen lever i arktiske strøk. Han kan verte vel to meter lang. Selen vandrar i store flokkar mellom Newfoundland og Kvitsjøen på jakt etter mat. I 1987 og 1988 hadde vi ein invasjon av sel langs norskekysten heilt sør til Oslofjorden.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.05.2013
Sist oppdatert: 08.05.2013