Hopp til innhold
Foto:"mimschi" flickr.com CC BY-NC.jpg
Foto:"mimschi" flickr.com CC BY-NC.jpg
X
Innhald

Halvaper

Halvaper høyrer til underordenen Prosimii av pattedyrordenen primatar. Dei omfattar forholdsvis små dyr med lang snute og framoverstilte auge, men i motsetnad til dei ekte apene har dei ikkje stereoskopisk syn. Halvapene er skumrings- eller nattdyr som lever i trea. Dei har klonegl på den andre tåa på bakbeina, elles har dei flate negler. Dei fleste halvapene finst på Madagaskar. Det finst åtte familiar, blant anna makiar (lemurar), indriar, fingerdyr, loriar og spøkjelsesaper. Sjå aper.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 08.05.2013
Sist oppdatert: 08.05.2013