Hopp til innhold
X
Innhald

Halvesel

Halvesel, Equus heminus, er ein art av hesteslekta. Halveselet var tidlegare utbreidd over store delar av Asia, men det er no utrydda mange stader. Halvesla har kortare øyre enn dei eigentlege esla og langhåra hale. Ein skil mellom underartane onager, kulanen, som er eit mongolsk esel, kiangen, som er eit tibetansk villesel, og som vert rekna som eigen art, indiahalvesel og syriahalvesel eller hemipp.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.05.2013
Sist oppdatert: 24.05.2013