Hopp til innhold
Foto:e_monk flicr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto:e_monk flicr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Harar

Harar, Leporidae, er ein familie som omfattar harar og kaninar. Alminneleg hare, Lepus timidus, høyrer til dei eigentlege harane, Lepus. Det finst 21 artar av desse. Alminneleg hare er gråbrun om sommaren og kvit om vinteren. Han har alltid svarte øyrespissar. Nokre stader, for eksempel på Jæren, er han blågrå om vinteren. Polarhare, Lepus arcticus, finst i Nord-Amerika og på Grønland. Han er kvit heile året i dei nordlege områda. Sørhare, også kalla felthare, Lepus europaeus, finst i Europa nord til Mellom-Sverige. Det er sett ut hare fleire stader i Noreg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.05.2013
Sist oppdatert: 07.04.2017