Hopp til innhold
Lusitano-hest. Foto: LylithLusitana, flickr.com CC BY-NC-SA 2.0
Lusitano-hest. Foto: LylithLusitana, flickr.com CC BY-NC-SA 2.0
X
Innhald

Hesten

Hesten stammar frå urhesten. Han høyrer til dei upartåa hovdyra.

Hesten, Equus caballus, høyrer til dei upartåa hovdyra. Han stammar frå urhesten, Hyracotherium, som levde i tertiær, det vil seie for over 50 millionar år sidan. Urhesten hadde same storleik som ein rev. Hesten har eintåa fot.
 
Det finst mange hesterasar, og opphavet til dei er villrasane. Villrasane er europeisk villhest, tarpan, som vart utrydda på 1850-talet, og przewalskihesten, som det finst ein liten bestand av i Sentral-Asia. Mankehøgda er frå ca. 80–192 cm.
 
Hestane vert inndelte i kaldblodige og varmblodige rasar. Dei kaldblodige rasane er tunge og uthaldande arbeidshestar. Varmblodsrasane vert igjen delte inn i fullblod, som vesentleg er konkurransehestar, og halvblod, som oftast er ride- og vognhestar.
Av norske rasar har vi dølehest, fjordhest, også kalla fjording, og nordlandshest.
 
Hestefamilien, Equidae, er ein pattedyrfamilie av upartåa hovdyr. Denne familien omfattar fleire utdøydde slekter og den nolevande slekta Equus, som har sju artar av esel, hest og sebra. Det finst klassifiserte europeiske hesterasar som blant anna omfattar norsk fjordhest, den svenske rasen gotlandsruss, dei britiske rasane Hackney, Cleveland Bay, Irish hunter, Dartmoor og Welsh pony, dei tyske hannoveranar og holsteinar, Lippizanar frå Austerrike og andalusiar frå Spania.
 
Hesterasar med mankehøgd opp til og med 148 cm går med nokre få unnatak under nemninga ponni. 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 19.02.2013
Sist oppdatert: 11.03.2013