Hopp til innhold
Foto: Ralph Arvesen flickr.com CC BY 2,0.jpg
Foto: Ralph Arvesen flickr.com CC BY 2,0.jpg
X
Innhald

Hjort

Hjort høyrer til arten Cervus elaphus av familien hjortedyr.

Hjorten lever i lauvskog i Europa, Asia og Nord-Amerika. Han er innført til Sør-Amerika, Australia og New Zealand. Den amerikanske hjorten, kalla elk eller wapiti, vert av mange rekna for å vere ein eigen art. I Noreg gjekk bestanden av hjort sterkt tilbake på 1800-talet, men han auka i det 20. hundreåret.
 
Hjorten finst langs heile kysten frå Boknfjorden til sør for Trondheimsfjorden. Det finst store stammar i Grytdalen og på Hitra. Nord for Trondheimsfjorden finst det hjort i Ytre Namdalen, men det er sett streifdyr nord til Bodø. Hjorten er også vanleg mange stader på Austlandet.
 
Hausten 2011 og vinteren 2012 vart det felt i alt 36 800 dyr. Hannen, som vert kalla kronhjort, er størst og kan ha ei slaktevekt på opptil 180 kg. Då har han ei levande vekt på over 270 kg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2013
Sist oppdatert: 25.09.2013