Hopp til innhold
X
Innhald

Hjortedyr

Hjortedyr, Cervidae, er ein stor familie partåa hovdyr. Blant hjortedyr finn vi mellom anna rådyr, hjort, rein, og elg.  

Hjortedyra omfattar 16 slekter med 36 artar. Dei er utbreidde i Nord- og Sør-Amerika, Eurasia og Nordvest-Afrika. Dei er innførte i Australasia. Gruppa utgjer blant anna rådyr, muntjakar, mulhjortar, hjortar, rein, elgar og spydhjortar. Dei er drøvtyggjarar. 

Hjortedyra lever vesentleg i skog, men dei finst også i fjellområde. Berre hannane har gevir, med unnatak av hos reinen.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2013
Sist oppdatert: 27.11.2017