Hopp til innhold
X
Innhald

Hominoidea

Hominoidea er i zoologien nemning på menneskeaper og menneske. Nemninga vert brukt om ein overfamilie av underordenen Anthropoidea, ekte aper. Tradisjonelt vert overfamilien delt i tre familiar. Den første er Hylobatidae, det vil seie gibbonar, den andre Pongidae, som er menneskeaper, det vil seie orangutangar, gorillaer og sjimpansar, og den tredje familien er Hominidae, som er menneskefamilien.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013