Hopp til innhold

Homo sapiens

Homo sapiens tyder eigentleg «mennesket med forstand». Det er ei nemning som vert brukt om den nolevande arten av slekta Homo, det vil seie mennesket – som vi høyrer til. 

Fossilfunn av utdøydde menneskeartar vert grupperte forskjellig av forskarane. Ut frå ei nyare oppfatning reknar ein med ei utvikling frå Homo rudolfensis for ca. 2,6 millionar år sidan. Ei utviklingsgrein endar med Homo erectus, som fritt omsett tyder «det oppreiste mennesket», frå ca. 2 millionar–400 000 år sidan. Frå Homo habilis, «mennesket som bruker reiskap», for ca. 2 millionar år sidan, går ei grein som endar opp med Homo sapiens, også kalla Cro-Magnon-mennesket. Det opptrer for ca. 100 000–40 000 år sidan. 

Homo neanderthalensis, også kalla neandertalmennesket, som kom for ca. 300 000 år sidan, vert no klassifisert som ein eigen art. Tidlegare var det rekna som ein eigen underart saman med Homo sapiens. Begge spring ut frå Homo heidelberensis, men neandertalmennesket endar blindt i ei eiga grein etter å ha vorte avløyst av Cro-magnon-mennesket. Det vert likevel framleis diskutert om spreiinga av menneskearten skjedde før eller etter at underarten Homo sapiens oppstod.

Først publisert: 05.04.2013
Sist oppdatert: 14.06.2017