Hopp til innhold
X
Innhald

Hovdyr

Hovdyr, Ungulata, er eit fellesnamn på ei kunstig dyregruppe. Denne gruppa slår saman grupper som ikkje er nærmare i slekt, det vil seie upartåa dyr, også kalla hovdyr, blant anna hestar, tapirar og nashorn, og partåa, også kalla klauvdyr, blant anna sauar, antiloper og flodhestar. Dei fleste hovdyra er planteetarar. Sjå også klauvdyr.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 27.05.2013
Sist oppdatert: 27.05.2013