Hopp til innhold
Foto:" Skudex" flikcr.com CC BY-ND.jpg
Foto:" Skudex" flikcr.com CC BY-ND.jpg
X
Innhald

Hund

Hund eller tamhund, Canis familiaris, høyrer til hundefamilien blant rovdyra. Han stammar frå ulv. Hunden fanst truleg for ca. 40–60 millionar år sidan, og vart temt for kanskje 20 000 år sidan. Han har ei vekt på 0,5–100 kg. Hunden er tågjengar, og han er fargeblind. Tispa har vanlegvis løpetid i ca. tre veker, to gonger per år. Ho går drektig i ca. 63 døgn. Kennelklubbane, som oppstod på slutten av 1800-talet, arbeider med avl. Dei ca. 400 rasane som finst over heile verda, har oppstått som resultat av avl på ønskt funksjon, anten jakt, vakt, gjeting eller selskap, og dels på utsjånad. Norsk Kennel Klub vart stifta i 1898. Særlege norske rasar er grå eller svart norsk elghund, dunkar, haldenstøvar, hygenhund, norsk buhund og norsk lundehund.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 28.05.2013
Sist oppdatert: 28.05.2013