Hopp til innhold
Foto: Jerry Oldenettel flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Jerry Oldenettel flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Hyenar

Hyenar er nemning på artar som saman med jordulven utgjer Hyaenidae, det vil seie hyenefamilien av rovdyra sin orden. Dei opptrer vanlegvis som åtseletarar om dagen, men om natta driv dei jakt. då kan dei ofte jage i flokkar på opptil 30 individ. Det finst tre artar i Afrika. Dei er stripete, flekkete og brun hyene. Stripete hyene finst også i Sør-Asia. Flekkete hyene er den største. Hannen kan verte 1,5 meter lang pluss 30 cm hale. Flekkete hyene er også den mest pågåande av hyenane.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013