Hopp til innhold
Foto: Espen Aspen Schyberg flickr.com CC BY-NC_ND.jpg
Foto: Espen Aspen Schyberg flickr.com CC BY-NC_ND.jpg
X
Innhald

Insektetarar

Insektetarar, Insectivora, er ein pattedyrorden som blant anna omfattar piggsvin-, spissmus- og moldvarpfamiliane. Dyra er små. Dei fleste er aktive om natta og lever av andre dyr, vesentleg insekt. Insektetarane er dei mest primitive av dei placentale pattedyra. Av dei ca. 350 artane lever piggsvin og seks spissmusartar i Noreg. Insektetande plantar fangar smådyr, vesentleg insekt, ved hjelp av forskjellige fangstmekanismar. Hos for eksempel soldogg set dyra seg fast i klistrete hår på blada.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013