Hopp til innhold
Foto: Kristian Nesser flickr.com CC BY.jpg
Foto: Kristian Nesser flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Irsk setter

Irsk setter er ein hunderase i gruppa fuglehund. Han har ein varm kastanjeraud farge. Irsk setter liknar svært mykje på engelsk setter i bygnaden. Han har lang pels på øyre, bryst og hale og på baksida av beina. Mankehøgda er på ca. 60 cm.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013