Hopp til innhold
Foto: Henrik Ismarker flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Henrik Ismarker flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Isbjørn

 Isbjørn eller kvitbjørn høyrer til arten Ursus (Thalaretos) maritimus av bjørnefamilien. Han lever langs kystane i nordpolarområdet og er eit rovdyr.

Isbjørn eller kvitbjørn høyrer til arten Ursus (Thalaretos) maritimus av bjørnefamilien, av rovdyra sin orden. Han lever langs kystane i nordpolarområdet.
 
 
Foto: Martha de Jong- Lantink, flickr.com CC By 2.0
 
Foto: Martha de Jong- Lantink, flickr.com CC By 2.0
 
Isbjørnen er den største av alle bjørneartane. Han kan verte over tre meter lang og ha ei vekt på opp mot 800 kg. Kroppen er langstrekt, halsen er lang, og beina tjukke og korte. Han har symjehud inst mellom tærne. Ungane, som regel to, vert fødde i desember–februar. Isbjørnen kan bli tretti år gamal.
 
I motsetnad til andre bjørnar er isbjørnen eit reint rovdyr. Han lever vesentleg av sel.
Isbjørn er truga av klimaendringar og miljøgifter.
 
Noreg underteikna Isbjørnavtalen i 1973, nokon som forpliktar Noreg til å verne om leveområda til isbjørnen.

Sjå video frå Norsk Polarinstitutt:


 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 02.05.2014