Hopp til innhold
Foto: Dave Pape flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Dave Pape flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Jak

Jak er eit langraggete oksedyr frå det sentralasiatiske høglandet. Tam jak vart kalla Bos grunniens, det vil seie «den gryntande oksen», medan den ville jaken seinare fekk namnet Bos mutus, «den stumme oksen». Villjaken lever no berre i avsidesliggjande strøk, særleg i Tibet. Tamjaken er trekk- og lastedyr og gir mjølk og brensel. Oksen kan verte over 4 meter lang og vege over 800 kg.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013