Hopp til innhold
Foto: Bethany Weeks flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Bethany Weeks flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Jerv

Jerv eller fjellfross, Gulo gulo, er eit ca. 80 cm langt, svartbrunt rovdyr av mårfamilien. Han finst både i det nordlege Amerika og Eurasia. Jerven lever til fjells i Noreg. I vernesamanheng vert han rekna som sjeldan. Jerven er mest talrik i nord, der han også held til i skogen. Han er freda i Noreg, bortsett frå visse unnatak. Jerven føder to–tre ungar i februar–mars i eit hi som ofte ligg i ein snøskavl. I 2010 vart det fødd 66 dyr, og ein reknar at bestanden då talde om lag 360 dyr. Jerven er åtseletar, men han kan ta blant anna mus, rev og rein.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013