Hopp til innhold
Foto: Einar Fredriksen flickr.com CC BY-SA.jpg
Foto: Einar Fredriksen flickr.com CC BY-SA.jpg
X
Innhald

Jordekorn

Jordekorn er eit fellesnamn på ekorn som lever på bakken i trelause område, på stepper og i høgfjell. Jordekornet finst i alle verdsdelane, med unnatak av Australia og Sør-Amerika. Dei fleste jordekorna grev gangar i jorda. Det europeiske jordekornet, siselen, lever på steppene i Aust-Europa. I Nord-Amerika finst stripeekorn, kalla chipmunkar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013