Hopp til innhold
Foto: Rob de Ruiter flickr.com CC BY-NC.jpg
Foto: Rob de Ruiter flickr.com CC BY-NC.jpg
X
Innhald

Kamelar

Kamelar, Camelidae, utgjer tre slekter med seks artar. Dei er partåa hovdyr og drøvtyggjarar. Kamelane lever i ørkenar i Afrika og Asia og i fjella i Sør-Amerika. Dei omfattar alpakka, guanako, vikunja, lama, dromedar, som har éin pukkel, og kamel, med to puklar. Lama, dromedar og kamel er utprega lastedyr. Puklane består av opplagra feitt. Dromedaren kan drikke over 100 l på ein gong.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013