Hopp til innhold
Foto: Fredrik Karlsson flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: Fredrik Karlsson flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Kaninar

Kaninar høyrer til harefamilien. Den europeiske villkaninen, Oryctolagus cuniculus, er grå, ca. 40–50 cm lang og har karakteristiske gnagartenner. Kaninane lever i jordholer som dei sjølv grev. Dei dannar ofte koloniar. Kaninane formeirar seg raskt og har ei drektigheitstid på 28–33 dagar. Dei stammar eigentleg frå Sør-Europa, men er innførte til mange land, blant anna Australia. Tamkaninen stammar frå den ville og finst i mange rasar og fargar. Han vert halden på grunn av kjøtet og pelsen. Håra vert også brukte til filt. Norges kaninavlsforbund vart stifta i 1897. Sjå haredyr og harar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 30.05.2013
Sist oppdatert: 30.05.2013