Hopp til innhold
 Foto: "Driss" flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
Foto: "Driss" flickr.com CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Kapusinaraper

Kapusinaraper, Cebidae, er ein familie av breinaseaper. Dei har negler på alle fingrar og tær. Somme artar har gripehale. Kapusinarapene omfattar 30 artar, blant anna brøleaper, ekornaper, klamreaper og sakiar. Dei eigentlege kapusinarapene har fått namnet sitt fordi hovudhåret minner om hetta til kapusinarmunkane. Kvithalskapusinarape, Cebus capucinus, var populær som medhjelpar til lirekassemennene.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 31.05.2013