Hopp til innhold
Foto: "Julicath/cath" flickr.com CC BY-NC-ND
Foto: "Julicath/cath" flickr.com CC BY-NC-ND
X
Innhald

Katt

Katt eller tamkatt, Felis silvestris catus, er ein underart av villkatt. Han vert ofte rekna som eigen art under nemninga Felis catus.
Katten har ei drektigheitstid 63–67 dagar, og føder normalt to kull i året med tre–fem ungar per kull. Vanleg levealder for katten er 12–18 år, men han kan verte over 30. Ein katt kan vanlegvis vege opptil 10 kg, sjeldan meir.
 
Katten vart temd av egyptarane for ca. 4000 år sidan, sjå abyssinarkatt. Han kom sannsynlegvis til Europa med etruskarane, og han kom til Norden ca. år 1000. Foredlinga av rasar starta i England, og sidan ca. 1850 har det vore drive selektiv avl og oppdrett av kattar.
 
Sjå video frå NRK Skole: Katten lander alltid på beina
 
 
 

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 04.12.2014