Hopp til innhold
Foto:"e_monk flickr.com" CC BY-NC-SA.jpg
Foto:"e_monk flickr.com" CC BY-NC-SA.jpg
X
Innhald

Kattedyr

Kattedyr, Felidae, er rovdyr i fire slekter med 35 artar. I Noreg har vi éin art, som er gaupe. Kattedyr er utbreidde på alle kontinent, med unnatak Australia, Madagaskar og polartraktene. Dei lever frå ørkenar til skog- og fjelltrakter. Kattedyra har sterke hoggtenner, hjørnetenner, og skarpe rovtenner. Dei har eit velutvikla syn, også i mørket, god høyrsel og følesans, men dårleg luktesans. Store kattedyr er løve, tiger, leopard, jaguar, snøleopard og gepard. Geparden er det raskaste av alle pattedyr, og han har ei toppfart på 116 km/t. Små kattedyr er gaupe, puma og villkatt.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 31.05.2013