Hopp til innhold
Foto: Juska Wendland flickr.com CC BY-NC.jpg
Foto: Juska Wendland flickr.com CC BY-NC.jpg
X
Innhald

Kenguruar

Kenguruar, Macropodidae, er ein pungdyrfamilie med elleve slekter med ca. femti artar. Kenguruane er utbreidde i Australia og Ny-Guinea. Dei har lange bakbein, korte frambein og lang, sterk hale. Dei føder uutvikla ungar som veks til i hoa sin hudfald, pungen. Kenguruane omfattar eigentlege kenguruar, blant anna grå kjempekenguru, som kan hoppe ti meter langt og tre meter høgt, raud kjempekenguru og wallabyar. Rottekenguru vert rekna som ein eigen familie.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 31.05.2013