Hopp til innhold
X
Innhald

Klappmyss

Klappmyss, Cystophora cristata, er ein utprega havsel som held til i Vestisen, det vil seie i drivisområdet mellom Svalbard, Bjørnøya, Grønland og Island. Han held også til i området Danmarkstredet–Newfoundland. Namnet skuldast «hetta» som vaksne hannar, kalla «hettefantar», har på hovudet, og som dei kan blåse opp. Hannane kan verte 2,5 meter lange, hoene er mindre. Ungane, som vert kalla «blågrisar», gir pelsverk som vert kalla blueback. Klappmyssen har vore freda i Vestisen sidan 2007.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 31.05.2013