Hopp til innhold
Foto: Donald Hobern flickr.com CC BY.jpg
Foto: Donald Hobern flickr.com CC BY.jpg
X
Innhald

Kloakkdyr

Kloakkdyr, Monotremata, utgjer den mest primitive pattedyrordenen. Dei har felles opning for endetarm, urin- og kjønnsorgan. Kloakkdyra er utbreidde på Ny-Guinea og i Australia. Dei legg egg som liknar på fugleegg, og som dei rugar eller ber i ein hudpung. Det finst tre slekter med tre artar. Australsk maurpiggsvin liknar på piggsvin og har ein lang, hårlaus snute. Langsnuta maurpiggsvin har korte piggar og ein svært lang snute, som er bøygd nedover. Nebbdyret er eit vassdyr med eit andeaktig nebb, tett pels og flat hale. Det er totalfreda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 31.05.2013