Hopp til innhold
Foto: Rui Freitas Rego flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
Foto: Rui Freitas Rego flickr.com CC BY-NC-ND.jpg
X
Innhald

Knølkval

Knølkval, Megaptera novaeangliae (= nodosa), er ein bardekval som høyrer til finnkvalfamilien. Han vert opptil 16 meter lang. Knølkvalen har lange framlemer, også kalla sveiver, og vorteutvekstar på overkjeven og sveivene. Han er kjend for «songen» sin. Om sommaren dreg knølkvalen langt nord eller sør, men om vinteren oppheld han seg i tropiske hav. Knølkvalen inneheld mykje olje og var tidlegare viktig for kvalfangsten. Ein fanga då for store mengder knølkval, men bestanden er no i sikker oppgang. Knølkvalen er freda.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 31.05.2013
Sist oppdatert: 31.05.2013