Hopp til innhold
Foto: Redningsselskapet flickr.com CC BY-NC-SA 2,0.jpg
Foto: Redningsselskapet flickr.com CC BY-NC-SA 2,0.jpg
X
Innhald

Kvalar

Kvalar, Cetacea, er ein pattedyrorden med 76 artar. Kvalane finst i alle verdshava. Dei er pattedyr og har ein spoleforma kropp med vassrett halefinne. Kvalane har eit tjukt spekklag. Dei pustar med lunger og har ein høgt utvikla hjerne. Den eine hovudgruppa, tannkvalar, lever av fisk og blekksprut. Gruppa omfattar narkvalar, spermkvalar, nebbkvalar, niser, elvedelfinar og delfinar. Den andre hovudgruppa er bardekvalar. Dei har bardar, ikkje tenner, og lever av plankton og noko fisk. Gruppa omfattar gråkvalar, finnkvalar, blant anna det største dyret på jorda, blåkvalen, som vert opptil 30 meter lang, og rettkvalar.

 
Redigert og omsett frå Caplex, digital utgåve 2000–2006
Einerett for nynorsk utgåve etter avtale med Cappelen Damm 2009
 

Først publisert: 24.04.2013
Sist oppdatert: 24.04.2013